Home Ledige Stillinger Vikariat for rådgjevar – Helse Bergen for Helse Bergen

Vikariat for rådgjevar – Helse Bergen for Helse Bergen

12 min read
0
0
11



Helse Bergen

5221 NESTTUN

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Vikariat for rådgjevar – Helse Bergen

Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering har ledig vikariat (100 %) for rådgjevar ved funksjonen Regional vurderingseining for rehabilitering (Vurderingseininga).

Vurderingseininga handsamar og vurderer tilvisingar til private somatiske rehabiliteringsinstitusjonar, frå fastlegar og privatpraktiserande avtalespesialistar. Vurderingseininga blei etablert i 2010 og er organisert som eit team med tre faste medarbeidarar som behandlar omlag 4000 tilvisingar årleg. Teamet har tett samarbeid med legespesialistane som vurderer tilvisingane og med helsepersonell ved dei private rehabiliteringsinstitusjonane. Andre viktige samarbeidspartnarar er tilvisarar, pasientar og pårørande og vurderingseiningar i landet for øvrig. Arbeidsoppgåver ved Vurderingseininga utførast i samsvar med interne retningslinjer som er utarbeidd på bakgrunn av lovreglar, forskrifter og andre føringar. Den som tilsetjast må ta del i kontinuerleg oppdatering og forbetring av desse retningslinjene.

Kompetansesenteret er organisert som eigen eining ved ReHabiliteringsklinikken i Helse Bergen, og held til i moderne lokale sentralt på Nesttun. Senteret har til saman 8 medarbeidarar i Bergen. I tillegg kjem rådgjevarar i bindeleddstillingar i Helse Førde, Fonna og Stavanger. Les meir om senteret på www.helse-bergen.no/kompetansesenter-habrehab

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre alle typer oppgåver knytt til behandling av tilvisingar
  • Delta i vurdering av tilvisingane
  • Besvare Informasjonstelefonen for ReHabilitering
  • Delta i aktuelle utviklingsoppgåver ved Vurderingseininga

Kvalifikasjonar

  • Søkarar må ha helsefagleg grunnutdanning
  • Ha oppdatert kunnskap om rehabilitering
  • Variert klinisk erfaring frå somatisk rehabilitering er ein føresetnad
  • Ha god IKT kompetanse
  • Må beherske norsk tale og skriftspråk på meget godt nivå

Utdanningsretning

  • Helsefag

Utdanningsnivå

  • Høyskole / Universitet, Diplom- / Bachelorgrad

Personlege Eigenskapar

  • Du må ha ein strukturert og ryddig arbeidsstil
  • Du må like å arbeide systematisk og nøyaktig
  • Du må vere positiv, fleksibel, sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Du må like å samarbeide med andre

Vi tilbyr

  • Utstrakt samarbeid med private somatiske rehabiliteringsinstitusjonar i Helseregion Vest og utanfor
  • Kontakt og nettverkssamarbeid med vurderingseiningane i HSØ, HMN og HN
  • Tverrfagleg og aktivt arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale

Kontaktinformasjon

Edith Victoria Lunde, Leiar, 932 55 345, edith.victorai.lunde@helse-bergen.no

Arbeidsstad

 Nesttun

Nøkkelinformasjon:

Annonsør:Helse Bergen

Ref. nr.:3878476348
Stillingsbrøk: 100%
Vikariat heltid
Startdato: 10.12.2018
Sluttdato: 31.12.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 02.09.2018

https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=3878476348&company_id=239921070&culture_id=NN-NO

For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]

Stillingsnummer: 1202-2018-07-80 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra arbeidsgiver


قالب وردپرس

Load More Related Articles
Load More By bedriftsportalen
Load More In Ledige Stillinger

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Check Also

Faste stillinger for sykepleiere i natteam for Sunnaas sykehus HF

Sunnaas sykehus HF 1453 BJØRNEMYR Sunnaas sykehus tilbyr høyspesialisert rehabilite…