Home Ledige Stillinger Tilkallingsvikarar – Helse og omsorg – sjukepleiar/sjukepleiarstudent for Kvam herad

Tilkallingsvikarar – Helse og omsorg – sjukepleiar/sjukepleiarstudent for Kvam herad

13 min read
0
0
24



Kvam herad

5600 NORHEIMSUND

Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen – eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og vart i 2013 tildelt «Statens pris for attraktiv stad». Her kan du oppleva «bygda med bypuls», handlegate, strandveg og bystrand.  Les meir

Tilkallingsvikarar – Helse og omsorg – sjukepleiar/sjukepleiarstudent

Pleie og omsorg har kontinuerleg behov for tilkallingsvikarar. Er du interessert i å vera tilkallingsvikar må du registrera søknaden og CV din her ved å klikka på “Søk på stillinga”. Søkjarlista til denne stillingsannonsa vert nytta som vikarliste av dei ulike avdelingane i pleie og omsorg. Gruppeleiar tek kontakt med aktuelle søkjarar når behovet for vikar oppstår.

Denne annonsa gjeld kun arbeid som tilkallingsvikar/ekstrahjelp i pleie og omsorg. Søknaden din vil gjelda fram til 31.12.2019, er du framleis interessert i å vera tilkallingsvikar etter fristen, må du søkja på nytt.

Ledige vikariat og faste stillingar vert utlyst på heimesida vår. Du er velkomen til å søkja på utlyste stillingar dersom du er kvalifisert til desse.

Vil du vita meir om dei ulike avdelingane i helse og omsorg og kva tenester me gjev – gå inn på heimesida vår kvam.no/tenester/helse-og-omsorg/

Arbeidsoppgåver

  • Praktisk hjelp og pleie til bebuarar i institusjon eller eigne heimar.

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar/sjukepleiarstudent
  • Vernepleiar/vernepleiarstudent
  • Helsefagarbeidar
  • Pleiemedarbeidar
  • Du er fylt 18 år
  • Du har interesse for omsorgsarbeid

    Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal frå 1. januar 2017 levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
    Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.

Personlege Eigenskapar

  • Serviceinnstilt og engasjert
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Raus og inkluderande
  • Møter andre på ein respektfull og open måte

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
  • Opplæring vert gitt
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

    Generell informasjon:

    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

    I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

    Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Kari Kaldestad, Løn og personalkonsulent, (+47) 56 55 30 32
Anne Vestrheim, Personalkonsulent, (+47) 56 55 30 34

Arbeidsstad

 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Annonsør:Kvam herad

Ref. nr.:3965266271
Vikariat
Søknadsfrist: 31.12.2019

https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=3965266271&company_id=3677112724&culture_id=NN-NO

For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]

Stillingsnummer: 1238-2018-10-12 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra arbeidsgiver


قالب وردپرس

Load More Related Articles
Load More By bedriftsportalen
Load More In Ledige Stillinger

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Check Also

Håkon må passere den nye bomstasjonen syv ganger i uken

ÅSANE (NRK): – Jeg har ikke turt å regne på hva det vil koste, sier trener og far Håkon On…