Home Ledige Stillinger Sjukepleiar ved Avdeling Fysikalsk Medisin og Rehabilitering for Helse Bergen

Sjukepleiar ved Avdeling Fysikalsk Medisin og Rehabilitering for Helse Bergen

13 min read
0
0
3



Helse Bergen

5235 RÅDAL

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sjukepleiar ved Avdeling Fysikalsk Medisin og Rehabilitering

Vi søkjer sjukepleiar med erfaring og/eller interesse for medisinsk rehabilitering til fast 100% stilling i Avdeling Fysikalsk Medisin og Rehabilitering (AFMR). Oppstartsdato er frå snarast eller etter nærare avtale.

Sengeposten har 18 døgnsenger på Nordås. I tillegg nyttar vi pasienthotellet, og har tidvis dagplassar. Avdelinga gir tilbod om spesialisert rehabilitering etter akutt sjukdom, skade og/eller ved kronisk sjukdom. Pasientane kjem til oss tidleg, som del av akuttforløpet. Målet er å sikre pasienten livskvalitet og optimal deltaking i dagleglivet.

Avdelinga er organisert i tverrfaglege behandlarteam, og har etablerte kompetansegrupper innan kreft, MS, smertetilstandar/funksjonelle lidingar, brannskade og amputasjon. Tidlegare Ortopedisk rehab. sengepost vart integrert i eininga i 2018. Vi er tildelt nasjonal behandlingstjeneste for tidleg brannskaderehabilitering. Oppstart for desse sengene er ikkje tidfesta.

Som sjukepleiar hos oss er du ein del av eit stort rehabiliteringsmiljø som for tida inkluderer to sengepostar og poliklinikk. Sjukepleiar inngår i team beståande av lege, ergoterapeut, fysioterapeut, sosionom, logoped, hjelpepleiar og nevropsykolog.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefagleg oppfølging av pasientar; lage og følgje opp individuelle rehabiliteringsplanar i samarbeid med dei andre i teamet, gruppeleiing samt ulike driftsoppgåver.
  • Pasientansvarleg sjukepleiar og pasientrettleiar.
  • Samhandle med pårørande og eksterne samarbeidspartar.
  • Opplæring og rettleiing i eiga personalgruppe, samt studentoppfølging.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Erfaring frå arbeid innan rehabilitering er ønskjeleg.
  • Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar, faglege referansar, samarbeidsevne og sjølvstendighet.
  • Du arbeider etter klinikkens vedtekter og er lojal mot beslutningar.
  • Du må kunne norsk muntleg og skriftleg.

Utdanningsnivå

  • Høyskole / Universitet, Diplom- / Bachelorgrad

Personlege Eigenskapar

  • Du bidrar til godt arbeidsmiljø, er serviceinnstilt og engasjert.
  • Du tar initiativ og jobbar målretta og strukturert.
  • Du er fagleg trygg og forstår di eiga rolle i team og som fagperson.
  • Du er opptatt av fagleg utvikling, har gode kommunikasjonsevner og trivast med formidling av fag og erfaring.
  • Du er fleksibel, tolerant og meistrar tidvis høgt arbeidstempo.
  • Du har fokus på kvalitetsforbetring i arbeidet som sjukepleiar.

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr eit spennande arbeid med allsidige problemstillingar.
  • Veleigna lokale med einerom og gode treningsfasilitetar.
  • Systematisk arbeid med HMS.
  • Miljø med stort engasjement, høgt kunnskapsnivå og arbeidsglede.
  • Tilgang til basseng og ulike treningsapparat på kveld/helg.
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.

Andre opplysningar

  • Ingen reiseaktivitet

Kontaktinformasjon

Torunn Hovlandsvåg, seksjonsleiar, 55918425, torunn.hovlandsvaag@helse-bergen.no

Arbeidsstad

 Rådal

Nøkkelinformasjon:

Annonsør:Helse Bergen

Ref. nr.:3992224088
Stillingsbrøk: 100%
Fast heltid
Tal på stillingar: 1

https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=3992224088&company_id=530060106&culture_id=NN-NO

For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]

Stillingsnummer: 1210-2018-12-26 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra arbeidsgiver


قالب وردپرس

Load More Related Articles
Load More By bedriftsportalen
Load More In Ledige Stillinger

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Check Also

– Verden har ikke hørt på ham før nå

Normalt er det svært stille på pressegalleriet i Oslo rådhus. All oppmerksomhet er rettet …