Home Ledige Stillinger Sjukepleiar – Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge, BUP Voss for Helse Bergen

Sjukepleiar – Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge, BUP Voss for Helse Bergen

12 min read
0
0
87



Helse Bergen

5704 VOSS

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sjukepleiar – Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge, BUP Voss

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har fleire poliklinikkar og sengepostar. Klinikken tilbyr barn og unge opp til 18 år utgreiing og behandling av psykiske lidingar.

BUP Voss er en allmenn poliklinikk som dekkjer sju kommunar (Ulvik, Granvin, Voss, Kvam, Vaksdal, Eidfjord og Jondal). Poliklinikken har 17 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn.

Har du lyst til å arbeide poliklinisk med både:

– somatikk og psykiatri?

– born/unge og deira føresette?

– sjølvstendig arbeid og i team?

Har du lyst til å lære noko nytt og bli flink i dette? Då ynskjer vi at du søkjer stillinga som ADHD-sjukepleiar hjå oss. Du vil få grundig opplæring, og vil samarbeide tett med overlege omkring oppfylging av denne pasientgruppa.

BUP Voss har ledig nyoppretta prosjektstilling som sjukepleiar i 20% stilling frå 1. september 2018, i fyrste omgang for 1 år, men med moglegheit for forlenging.

Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må leggje fram godkjend politiattest (vandel) jfr Lov om helsepersonell § 20a.

Arbeidsoppgåver

  • Viktige arbeidsoppgåver er:
  • Å ha koordinatoransvar for pasientane
  • Regelmessige kontrollar av pasientane
  • Delta i medisinutprøving
  • Gi psykoedukasjon til pasient og føresette
  • Delta på kurs for føresette og lærarar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vi vil leggje stor vekt på personlege eigenskapar
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Utdanningsnivå

  • Høyskole / Universitet, Diplom- / Bachelorgrad

Personlege Eigenskapar

  • Evne til å jobba både sjølvstendig, systematisk og samstundes vera open for spontane samtalar
  • Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
  • Trivast i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo på arbeid
  • Bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Rettleiing

Kontaktinformasjon

Marianne Stordal Røynesdal, Seksjonsleiar, 90736587/ 56533535

Arbeidsstad

 Voss

Nøkkelinformasjon:

Annonsør:Helse Bergen

Ref. nr.:3859932575
Stillingsbrøk: 20%
Engasjement deltid
Startdato: 01.09.2018
Sluttdato: 31.08.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 22.07.2018

https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=3859932575&company_id=3013783930&culture_id=NN-NO

For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]

Stillingsnummer: 1235-2018-06-55 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra arbeidsgiver


قالب وردپرس

Load More Related Articles
Load More By bedriftsportalen
Load More In Ledige Stillinger

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Check Also

Gravemaskin skal ha falt 15 meter – en person er fastklemt

Redningspersonell jobber nå med å redde én person etter at en gravmaskin skal ha veltet ne…