Home Ledige Stillinger Postdoktor i klinisk psykologi for Universitetet i Bergen

Postdoktor i klinisk psykologi for Universitetet i Bergen

18 min read
0
0
54



Universitetet i Bergen

Christiesgate 12
5015 BERGEN




Web:

https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib


Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Postdoktor i klinisk psykologi

Jobbnorge ID: 168930

Kunnskap som formar samfunnet


Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY

Postdoktorstilling


Ved Det psykologiske fakultet er det ledig ei stilling som postdoktor i klinisk psykologi med vekt på lysbehandling, kronobiologi og demens.

Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til prosjektet <<Exploring new and optimal light conditions to improve cognition, mood and health in people with dementia (ENLIGHT)”, finansiert av Norges forskingsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Mål: Å undersøke korleis ulike lysvilkår påverker kognisjon, emosjon, søvn og døgnrytme hjå personar med demens.

Bakgrunn:
  • Forekomsten av demens er aukande i Norge i tråd med at befolkninga blir eldre.
  • Denne progressive sykdommen har eit forløp med ein gradvis svekking i kognitive evner, funksjonstap og atferds- og psykologiske symptom ved demens (APSD).
  • Omlag 90 % av personar med demens opplever APSD og/eller søvnproblem i løpet av sykdomsforløpet.
  • Det er korrelasjon mellom døgnrytmeforstyrringar, søvnforstyrringar, APSD og nedsatt kognitiv fungering, men dei bakenforliggande mekanismane er ikkje kjent.
  • Bruk av lysterapi er ein av dei mest lovande behandlingane for personar med demens, då det kan betre søvn og ASPD.
  • Mangelen på systematiske kliniske og basale studier som inkluderer personar med demens gjer dette til eit viktig forskingsfelt.

Arbeidsoppgåver:


  • Postdoktoren skal utvikle og gjennomføre forskingseksperiment i lys-laboratoriet ved Det psykologiske fakultet, og ein kliniske studie av lysbehandling i heimen til personar med mild demens.


  • Arbeidet inneber også opplæring av stipendiatar og ein koordinerande rolle i gjennomføringa av inklusjon av studiedeltakarar, datainnsamling, analyser, publikasjonar av forskingsresultat, og anna arbeid tilknytt ENLIGHT prosjektet. Sidan arbeidsoppgåvene inneber kommunikasjon med personar med demens er det nødvendig at søkarar kommuniserer godt på norsk.


  • Søkjaren skal ha tilknytning til både Bergen Søvn og Kronobiologinettverk(Tverrfakultær forskningsgruppe) og Bergen Research group for Innovation, Growth, Health and Technology (BRIGHT).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning, innan psykologi, medisin eller helsefag, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Utdanning som psykolog, lege, eller tilsvarande innan helserelaterte fag.
  • God kunnskap om personar med demens og / eller god kunnskap om søvn, og kronobiologi.
  • Erfaring med klinisk helsearbeid som er relevant for studien.
  • God kunnskap innan psykologisk testing, fortrinnsvis nevropsykologisk testing.
  • Erfaring frå forsking på intervensjonar og / eller forsking med eksperimentelle design.
  • Kunnskap om og erfaring i kvalitativ og kvantitativ metode.
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner innanfor ein kompleks forskingskvardag.
  • God i engelsk skriftleg og munnleg.
  • Gode norskkunnskapar.

Om postdoktorstillinga:


Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer ei årsløn på kr 514 800 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:


Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
  • Førsteamanuensis Elisabeth Flo, Institutt for klinisk psykologi, UiB, elisabeth.flo@uib.no, tlf: 55 58 88 85 / 93 04 64 92.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no PAM

Stillingsnummer: 1209-2019-04-437 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak


قالب وردپرس

Load More Related Articles
Load More By bedriftsportalen
Load More In Ledige Stillinger

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Check Also

Flere land vil bruke handelsavtale for å redde regnskogen – det vil ikke Norge

Flere land kan gå imot EUs handelsavtale med Brasil, hvis ikke president Bolsonaro gjør me…