Home Ledige Stillinger Operasjonssjukepleiar – Kirurgisk klinikk, plastikkirurgisk poliklinikk for Helse Bergen

Operasjonssjukepleiar – Kirurgisk klinikk, plastikkirurgisk poliklinikk for Helse Bergen

12 min read
0
0
10



Helse Bergen

5021 BERGEN

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Operasjonssjukepleiar – Kirurgisk klinikk, plastikkirurgisk poliklinikk

Ved Plastikkirurgisk poliklinikk/hand og plastikkirurgisk operasjonseining, blir det dagleg utført dagkirurgi ved to-tre operasjonsstover. Det kan vere operasjonar som handkirurgi eller fjerning av svulstar i huda med meir. I tillegg operasjonar (akutt handkirurgi) ved Skadepoliklinikken, Helsehuset (tidlegare Bergen Legevakt) to dagar kvar veke. Operasjonssjukepleiar deltar i dette arbeidet og kan måtte rekne med anna poliklinikkarbeid, t.d. sårkontrollar.

Vi søkjer etter operasjonssjukepleiar i 100% vikariat i eitt år, frå snarast. Stillinga kan på sikt bli omgjort til fast stilling. Arbeidstida er for tida mellom 8 og 16, dette kan på sikt bli endra også til arbeid på kveldstid.

Arbeidsoppgåver

  • Operasjonssjukepleiar: 40% ved Skadepoliklinikken, Helsehuset /60% ved Kirurgisk klinikk/plastikkirurgisk poliklinikk
  • Kirurgisk assistanse
  • Sjukepleie til operasjonspasientar
  • Ha eigen poliklinikk (sårkontrollar)

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som operasjonsjukepleiar (godkjend spesialutdanning)
  • Kjennskap til Orbit og Dips
  • Norsk autorisasjon
  • Søkjar må meistre norsk både munnleg og skriftleg

Utdanningsretning

  • Sykepleie
  • Sykepleie videreutdanning

Utdanningsnivå

  • Videreutdanning / Tilleggsutdanning etter annen oppnådd grad
  • Høyskole / Universitet, Diplom- / Bachelorgrad

Personlege Eigenskapar

  • Evne og vilje til å stå på i travle situasjonar
  • Engasjement og interesse for å utvikle oprasjonssjukepleie er ein føresetnad
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp og deler raust med kompetansen din
  • Vi søkjer ein driftig fagperson som likar å finne gode løysingar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta avgjersler
  • Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
  • Søkjar som er personleg eigna til stillinga blir føretrekt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Opplæring
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Aktiv arbeidsdag

Kontaktinformasjon

Solveig Næss, Avdelingssjukepleiar, 90508139

Arbeidsstad

 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Annonsør:Helse Bergen

Ref. nr.:4025117446
Stillingsbrøk: 100%
Vikariat heltid
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 03.03.2019

https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4025117446&company_id=5301012&culture_id=NN-NO

For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]

Stillingsnummer: 1209-2019-02-172 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra arbeidsgiver


قالب وردپرس

Load More Related Articles
Load More By bedriftsportalen
Load More In Ledige Stillinger

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Check Also

Politiet så ingen annen utvei enn å fengsle den svindeltiltalte politikeren

Politiet mener mannen fortsatte å svindle selv etter at han ble etterforsket og tiltalt fo…