Home Ledige Stillinger Lege i spesialisering, B-grein Gastro – Kirurgisk klinikk for Helse Bergen

Lege i spesialisering, B-grein Gastro – Kirurgisk klinikk for Helse Bergen

13 min read
0
0
3



Helse Bergen

5021 BERGEN

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Lege i spesialisering, B-grein Gastro – Kirurgisk klinikk

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig eitt vikariat i 1 år og ein fast stilling som lege i spesialisering, B-grein gastro. Stillingane er ledig frå 15.02.2019. Vi ser etter deg som har erfaring med kirurgi, minst 2 år innanfor generell kirurgi og som har ønskje om å arbeide i eit spennande og krevjande læringsmiljø.

For den faste stillinga tilbyr vi spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet i B-grein gastro. Det vises for øvrig til utdanningsplan. Etter fullført spesialisering, vil den faste stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Kirurgisk klinikk har eit tilbod innan kirurgi til pasientar med alminnelege lidingar og til pasientar med meir kompliserte tilstandar. Pasientane våre kjem frå lokal- og regionalområdet i Helse Vest. Brannskadepasientar kjem frå heile landet.

Det er 5 avdelingar i Kirurgisk klinikk:

Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi

Avdeling for gastrokirurgi

Avdeling for karkirurgi

Avdeling for plastikkirurgi og brannskade

Avdeling for urologi

Det er 28 legar i spesialisering fordelt på generell kirurgi, B-grein og D-stillingar. Tilsette i stillingane innan generell kirurgi roterer for tida mellom avdelingane Gastrokirurgi (inkl. barnekirurgi), karkirurgi og urologi, i tillegg ved seksjon for thoraxkirurgi ved hjarteavdelinga.

Avdeling for gastrokirurgi har eit samarbeid innan utdanning i samarbeid med Voss og Haraldsplass Diakonale Sykehus. I 2018 vil fleire av øh-pasientane verte behandla i Mottaksklinikken og gastrokirurgiske legar vil få ei viktig rolle der. Legar i spesialisering deltar i rotasjon med tilstadesvakt. Det er for tida fire vaktsjikt; turnuslege og tre sjikt lege i spesialisering. I arbeidet som LIS inngår visitt, administrative legeoppgåver, poliklinikk og operasjonar.

Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må leggje fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a. Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere norsk kunnskap, både skriftleg og munnleg.

Arbeidsoppgåver

  • Ein viser for øvrig til utdanningsplan

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Relevant sjukehuserfaring
  • Det vil bli lagt vekt på erfaring frå generell kirurgi
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Personlege Eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og målretta med arbeidsoppgåver
  • Er ansvarsbevisst og pasientorientert
  • Kan prioritera når situasjonen krev det
  • Har respekt for den enkelte pasient og kollega
  • Har gode kommunikasjonseevner
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Er lojal og trivast med tverrfagleg teamarbeid
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode moglegheiter for å få fylt operasjonslista for deg som har noko kirurgisk erfaring/god operasjonsteknisk praksis
  • Høgt fagleg nivå med moglegheiter for forsking
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Sjukehuset har 4 barnehagar og moglegheiter for sjukehusbustad
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Kontaktinformasjon

Janiche Buanes Heltne, Avdelingssjef, 95890486
Rune Svensen, Overlege, 55972853

Arbeidsstad

 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Annonsør:Helse Bergen

Ref. nr.:3991912295
Stillingsbrøk: 100%
Fast heltid, Vikariat heltid
Startdato: 15.02.2019
Tal på stillingar: 2
Søknadsfrist: 31.12.2018

https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=3991912295&company_id=5301006&culture_id=NN-NO

For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]

Stillingsnummer: 1209-2018-12-71 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra arbeidsgiver


قالب وردپرس

Load More Related Articles
Load More By bedriftsportalen
Load More In Ledige Stillinger

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Check Also

– Verden har ikke hørt på ham før nå

Normalt er det svært stille på pressegalleriet i Oslo rådhus. All oppmerksomhet er rettet …