Home Ledige Stillinger ID 1484 Fastlegeavtale – deleliste for Helse Fonna, Stord

ID 1484 Fastlegeavtale – deleliste for Helse Fonna, Stord

12 min read
0
0
5



Helse Fonna, Stord

5416 STORD

ID 1484 Fastlegeavtale – deleliste

Stord er ein industrikommune i Hordaland med vel 18 000 innbyggjarar. Kommunen er kommunikasjons- og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger. Me har flyplass med flygingar til m.a. Oslo. Kommunen er landfast mot sør gjennom Trekantsambandet. Skuleverket er godt utbygd med m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for Sunnhordland. Me har eit rikt kulturliv med nærare 300 organisasjonar og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er variert natur, skog, sjø og fjell som ligg nær for gode opplevingar og aktivitetar ute.

Fastlegeavtale — deleliste eller vikariat (ID 1484)

I samband med ønske om gradvis overføring før seinare pensjonering er det ledig deleliste 50% i avtale ved Landsbylegane Stord frå 3. april 2019. Dette er med tanke på varig overføring av heimelen etter nærare avtale. Det kan verta aktuelt med vikariat 50% som kan aukast opp med anna legearbeid, om ønskeleg.

Det vert tilbod om veileiing i praksisen slik at den vert teljande til spesialitet. I Sunnhordland er det i tillegg jamt rettleiingsgrupper for spesialisering i allmennmedisin.

Den aktuelle avtalen har ei personliste på 1015, men denne kan aukast.

Praksisen er lokalisert sentralt på Stord i Landsbylegane AS på Leirvik. Det er eit senter med 5 legar der 3 er spesialistar i allmennmedisin med samla om lag 4500 personar på listene. Praksisen har gode lokale, stabil arbeidsstokk og tilsette med lang erfaring. Den har Plenario journalsystem knytt til NHN, avtale med Noklus for laboratoriearbeidet og kvalitetssystemet TrinnVis.

Vaktordning

Legevakta er eit interkommunalt samarbeid mellom Bømlo, Fitjar og Stord kommunar. Vaktdistriktet omfattar vel 31 000 innbyggjarar med om lag 3 vakter/mnd. Det er for tida tilstadesvakt for lege og fastlønsordning med oppdelt vaktdøger. Legevakta er samlokalisert med interkommunalt øh. døgntilbod (KAD) og korttidsavdeling (IDA) i eige bygg ved Stord sjukehus.

Vilkår

Legen må gå inn i eksisterande samarbeidsavtale mellom legane ved kontoret. Overtakingsvilkår og etablering av praksis ved legekontoret vert avtalt direkte med aktuell fastlege.

Legen må ta full del av vaktplikta knytt til ordning for Sunnhordland interkommunale legevakt inkludert KAD. Det må reknast med inntil 7,5 timar per veke med offentleg allmennmedisinsk legearbeid.

Vilkår for deleliste i fastlegeavtale går fram av gjeldande forskrift, retningsliner og tariffavtalar.

Me legg vekt på

Gode referansar som gjeld fagleg dugleik og personlege eigenskapar i høve samarbeid.

God norsk språkutøving og kulturforståing.

Me tilbyr

Eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der me har fokus på kvalitetsheving av eit faglig godt tilbod til pasientar og tilsette.

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk . Det må leggjast fram politiattest.

Kontakt kommuneoverlege Lars Helge Sørheim på 990 95 893, e-post lhs@stord.kommune.no eller aktuell fastlege Gunhild Sundal på 922 87 628, e-post gunsun@broadpark.no for nærare opplysningar.

Søknadsfrist: 01.03.2019

++Søk på stilling++

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1221-2019-02-14 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Medium: Webcrawl


قالب وردپرس

Load More Related Articles
Load More By bedriftsportalen
Load More In Ledige Stillinger

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Check Also

Ledig LiS vikariat ved BUP Madla for Helse Stavanger HF

Helse Stavanger HF 4011 STAVANGER . Ledig LiS vikariat ved BUP Madla Barne- og ungdomspsyk…