Home Ledige Stillinger Familieterapeut eller psykologspesialist for Barne-, ungdoms- og familieetaten

Familieterapeut eller psykologspesialist for Barne-, ungdoms- og familieetaten

14 min read
0
0
139



Barne-, ungdoms- og familieetaten

Parkvegen 5
6856 SOGNDAL




Web:

http://www.bufdir.no


Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regioner har som houvedoppgåve å drifte og drive etaten sine instituasjonar og familievernkontor. i tillegg har regionane ansvar for forsterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagt Barne- og likestillingsdepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Familiekontora for Sunnfjord og Sogn har kontorstad i Førde og i Sogndal med leiing og administrasjon i Førde. Kontora skal gi tilbod til alle kommunane i sitt lokalområde. Vi gir tilbod om råd, rettleiing og samtaleterapi for familiar, par og einskilpersonar. Familiekontora er meklingsinstans etter ekteskaps- og barne-lova, og fører tilsyn etter barnelova 43a. Familiekontora gir også undervisning, rettleiing og held førebyggjande kurs og samtaletilbod for ulike grupper.

Familieterapeut eller psykologspesialist

Jobbnorge ID: 153843

Ved Familiekontora for Sunnfjord og Sogn, avd. Sogndal er det ledig ei fast 40 % stilling som familieterapeut eller psykologspesialist.

Arbeidsoppgåver

  • Familieterapi, parterapi og individuelle samtalar med barn, ungdom og vaksne som opplever utfordringar, konfliktar og kriser i familien.
  • Familievernet har utover det ordinære relasjonsarbeidet eit særleg ansvar for å gi tilbod til familiar med valdsproblematikk og til foreldre som er fråtatt omsorga for barna sine.
  • Mekling og tilsynsoppgåver.
  • Førebyggjande arbeid i form av gruppetilbod, rettleiing, konsultasjon og kommunesamarbeid.
  • Deltaking i intern fagutvikling.

Kvalifikasjonar

  • For psykolog er det krav om profesjonsstudiet i psykologi. Det er ynskjeleg med spesialitet innan familiepsykologi eller anna relevant spesialisering.
  • For familieterapeut er det krav om relevant tre årig høgskuleutdanning, til dømes barnevernpedagog eller sosionom. Vidareutdanning i familieterapi er ynskjeleg, men anna relevant vidareutdanning kan vurderast.
  • Det er krav om minimum tre års relevant arbeidserfaring.
  • Det er ynskjeleg med klinisk erfaring frå familiekontor med par-/ familiearbeid.
  • Du må like å arbeide tverrfagleg.
  • Erfaring frå arbeid med aktuelle samarbeidspartar i første og andrelinje er ynskjeleg.

Personlege eigenskapar

  • Du må vere fleksibel, og du må kunne jobbe sjølvstendig og i team.
  • God muntleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Vi legg stor vekt å personlege eigenskapar og god teamsamansetjing

Vi tilbyr

  • Eit kreativt, inkluderande og høgkompetent arbeidsmiljø med fokus på fagutvikling.
  • Eit spennande og variert arbeidsområde med stort spekter av relasjonelle problemstillingar.
  • Ei teneste i utvikling og modernisering.
  • Stillingane er plassert i statleg lønnsregulativ i kode 0794 psykolog, p.t. kr. 480 600-576 100 pr. år (ltr. 55-65), i kode 1304 psykolog med godkjent spesialitet, p.t. kr 555 100-754 900 pr. år (ltr. 63-78), i kode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, kode 1509 spesialutdanna vernepleiar, kode1185 spesialutdanna sosionom, kode1496 klinisk barnevernspedagog og kode 1173 klinisk sosionom i lønnsramme 18, alt. 3-11, p.t. 397 200-544 400 pr. år (ltr. 43-62) eller i kode 1434 rådgjevar, p.t. kr. 409 100-576 100 pr. år (ltr. 45-65).
  • Lønn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Generelle opplysningar

  • Staten legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkja – uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Bufetat har som eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttera personar med fleirkulturell bakgrunn.
  • Stillinga er for tida lagt til Familiekontora for Sunnfjord og Sogn, avdeling Sogndal.
  • Bufetat er ei IA (inkluderande arbeidsliv) -verksemd.
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verta ført opp på søkjarlista, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25.

Kontaktperson for stillinga

Leiar Irene Havn, tlf 46618881

Søknad med CV vert å senda elektronisk via lenkje på denne sida.

Vitnemål samt attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit evt. intervju.

Søknadsfrist: 28.06.2018

Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no

Stillingsnummer: 1420-2018-06-28 (Oppgis ved kontakt med NAV)
Kilde: Overført fra arbeidsgiver


قالب وردپرس

  • Et brøl av en bok

    Bedre samtidssatire enn Virginie Despentes’ trilogi skal du lete lenge etter. Source…
  • Gamst Pedersen får ikke ny kontrakt

    Tromsø IL har besluttet at de ikke tilbyr Morten Gamst Pedersen ny kontrakt, heter det i e…
  • Husbrann i Klepp

    Det brenner onsdag morgen i et hus i Klepp i Rogaland. Politiet har foreløpig ikke kontrol…
Load More Related Articles
  • Et brøl av en bok

    Bedre samtidssatire enn Virginie Despentes’ trilogi skal du lete lenge etter. Source…
  • Gamst Pedersen får ikke ny kontrakt

    Tromsø IL har besluttet at de ikke tilbyr Morten Gamst Pedersen ny kontrakt, heter det i e…
  • Husbrann i Klepp

    Det brenner onsdag morgen i et hus i Klepp i Rogaland. Politiet har foreløpig ikke kontrol…
Load More By bedriftsportalen
Load More In Ledige Stillinger

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Check Also

Et brøl av en bok

Bedre samtidssatire enn Virginie Despentes’ trilogi skal du lete lenge etter. Source…